Førstegangsetablerer i Ål kommune
ÅL KOMMUNE REGLAR FOR KOMMUNALT TILSKOT TIL 1.GONGS ETABLERAR SOM BYGGJER ELLER KJØPER BUSTAD
Vedtatt av kommunestyret 19.4.2023, sak 29/23.
- Ål kommune gir frå 20.4.2023 tilskot til 1. gongsetablerar som ønsker å kjøpe/bygge bustad i Ål kommune. Tilskotet pr bustad er kr 200 000 med 5 års bindingstid eller kr 500 000 med 10 åra bindingstid.
- Vilkår for å få tilskot:
a) Tilskotet blir gitt til førstegangs etablerar, til og med det kalenderåret søkjaren fyller 40 år. I tilfelle der eit par skaffar seg bustad, er det nok at den som søkjer tilskotet er førstegangs bustadetablerar.
b) Søkjar(ane) skal stå som eigar(ar) av bustaden.
c) Den/Dei som mottek tilskotet må busette seg i bustaden. Viss bustaden blir solgt eller fråflytta innan bindingstida på 5 eller 10 år etter dato for mottak av tilskot, må tilskotet tilbakebetalast. Det skal underteiknast ei erklæring, som skal tinglysast, om at heile tilskotet skal tilbakebetalast med tillegg av 5 % rente p.a. frå utbetaling, dersom bustaden ikkje vert nytta som heilårsbustad av søkjar. Førstegongs etablerar som kjøper ny bustad i Ål innan bindingstida (5 eller 10 år) beheld tilskotet og resterande bindingstid vert over ført til den nye bustaden.
d) Tilskotet blir gitt uavhengig av tidlegare etableringar i andre kommuner.
e) Tilskotet er eit enigangstilskot for både einslege og par. Ved eit evt. brot i parforhold, vil det ikkje bli gitt eit nytt tilskot ved ny etablering dersom dei som søkjer har vore i parforhold og fått tilskot tidlegare. Det vert berre gitt eitt tilskot pr. bustad sjølv om fleire av søkjarane tilfredsstiller krava.
f) Tilskotet blir gitt uavhengig av bustadens storleik.
g) Bruksløyve for ny bustad må vere gitt etter 20.4.2023. Kjøpekontrakta/skøytet på ny og brukt bustad må vere tinglyst etter 20.4.2023.
h) Bustaden må nyttast som heilårsbustad. Tilskotet blir ikkje gitt til fritidshus. - Søknad: Søknad om tilskot skal vere skriftleg og skal stillast til kommunen. Opplysningane i søknaden må vere relevante i høve til fastsette vilkår for å få tilskot. Ingen søknadsfrist. Søkjar(ar) må underskrive på at vilkåra for å få tilskot vert aksepterte.
- Utbetalingstidspunkt: Utbetaling av tilskotet for nye bustader, skjer tidlegast etter at bruksløyve er gitt. Utbetaling av tilskot for brukte eller kjøpte bustader skjer etter at skøytet er tinglyst.
Vedlegg: